Brått kom det for meg at vogna til litlehanen var ganske kjedeleg. Kvitt dynetrekk som systra brukte då ho var baby, og ingenting kjekt å sjå på. Slik kunne me ikkje ha det.
Vognpynten fann eg i eit symagasin. Elefantane er så søte, og fangar blikket til minsten òg. Stoffet og perlene er frå Panduro. Dynetrekket er sydd av stoff frå stof2000. Stoffet til lua er visst og derifrå. Den syr eg omtrentleg etter oppskrift frå litenogstilig.