søndag 26. februar 2012

Fuglemammas omslagsbody og ei utfordring??

Å kor herleg det skal bli å pakke ein liten inn i denne. Silkeull frå nøstebarn. Oppskrift frå boka Myk start.  Herleg!
Me gler oss!

 Og så - tid for ei utfordring? Eg skal prøve meg på eit bidrag til pinnekroken si utfordring. Garnslanking.
Det trengs absolutt sjå meg. Tid for ei Holstslanking. Ein genser til lillehøna. Må vere ferdig til 14. mars. Hm.. fin dato:) Spennande!

fredag 24. februar 2012

Luefin - little thing

 Behovet for ei lue som ikkje er supervarm har meldt seg. Me skriv snart mars og det vert varmare i veret. Snøklokkene har kikka opp utanfor huset og nokre av dei har fått kome inn på besøk på stovebordet. Det er nok til å gjera ei vårlengtande sjel særs lukkeleg:O) Denne lua fann eg tips til hos TO VRANGE, Oppskrifta er gratis, det liker me, men kun vaksenstørrelse. De finn ho HER Eg tykkjer ikkje det er bare enkelt å gjera om oppskrifter, men det krever vel trening som så mykje anna. Eg kunne nok hatt tjukkare garn. Eg brukte i underkant av eit nøste SISU med strikkepinnar som anbefalt i oppskrifta. Eg kunne òg ha strikka ho litt lenger før eg byrja å felle av. No blei ho akkurat passeleg. Strikka 15 cm før eg byrja å felle.
Eg er redd lua klør litt, for ho forsvinn fort av hovudet når me ikkje er ute... Ho byrjar å bli ein flink modell denne jenta her,. eller ??!

tirsdag 21. februar 2012

Byssanlull

Hanefar malar heime i huset. Då sender han gravide og små born raskt bort frå illeluktande kjemikalier. Me er difor på ein kort vinterferie sjå mormor og morfar. Eg og far har site med augene ut på det nydelege vårvèret og lengta etter betre føter, rygg og bekken, medan mor har gått lang tur langs sjøen. Jaja, det vert nok betre tider for oss òg. Fint å halde kvarandre med selskap!

Denne søte vesten frå Tora Frøseth har eg då klart å verte ferdig med. Han er strikka av restegarn frå lillehønas kjole, Magda, frå same butikk, og er i str. 3 mnd. Knappar frå mormors resteskuffe. Eg såg føre meg ein tynn, lett vest, men denne blei ganske tjukk, så den vert muligens litt varm for min baby som kjem til å vere 3 mnd. i juli;O) ( og det er jo slettes ikkje sikkert at det er ein gut heller.) Men me får sjå kva det blir til. Kanskje eg strikker ein til i eit litt tynnare garn.  

Ha ein flott vårdag!

fredag 17. februar 2012

Rare tøfler til kalde føter

Eg fekk brukt litt av storlageret av Holst garn supersoft på desse tøflene. I eit gammalt hus som vårt, kan det verta trekkfullt på føtene på kalde dagar, så tøfler og sokker er eit absolutt nødvende.

Det er lenge sidan eg har nemnt på draumen min om å ha ei flott sokkekorg på gangen. Masse forskjellige heimestrikka sokkar og tøfler for store og små som bur og gjester huset. Har måtte innsjå at det ikkje vert med det fyrste, men kanskje etterkvart.. Viss eg berre samlar det eg har, vert det kanskje ei korg full?!?

Dette var ei gratis oppskrift der eg berre skulle hekle eit rektangel, og så sy saman bak i hælen og oppå rista, men som de ser vart dei ikkje lange nok, så eg hekla på 4 omganger framme på tåa. Fellte av nokre maskar og sånn at dei vart litt smalare framme.

Eg brukte det nemnte Holst-garnet, heklenål nr 5. La opp 35 masker og hekla 21 omganger. Pynt er sirkel frå nøstebarnboka og knappar kjøpt på gjenbruken. Dei vart noko rare, men dei varmar på foten :O)

I dag var siste dag på jobb! Vinterferie nokre dagar også permisjon! No skal det ruges!

fredag 10. februar 2012

Til ei lita jente?

Det er kjekt å ha noko nytt heimelaga til ein liten ny verdsborgar. Så sjølv om me har liggande ein del sidan me har ei lita høne frå før, så måtte denne strikkast.

Det er ein ganske modifisert utgåve av lillestakken frå boka "Myk start". Skjørtet er strikka i dobbel perlestrikk. Den ideen fekk eg hos Siren på bloggen Hekta på strikk. Ho har laga ein kjempefin utgåve av denne kjolen og eg fekk lyst til å herme. Gjorde likevel fleire forandringar. Har prøvd å gjer kjolen mindre, så eg håpar det er ein størrelse 0-3mnd. Kutta ut rillestrikket i kantane og hekla i staden ein kant rundt til slutt.
Det er første gong eg har forandra noko særleg på eit mønster. Det var kjekt! Så lenge kjolen passar til ein liten baby skal eg vera superfornøgd. Får me ei jente, er dette antrekket til konfirmasjon i mai. Eg ser forresten at eg treng ein fin liten henger til å henge sånne små søte strikkeplagg på. GOD HELG!

torsdag 9. februar 2012

Boblejakke til besvær

Eit anna av Rasmillas fine design, men ikkje for meg. Eg får han bare ikkje til. Har strikka på han lenge, men med mange pausar. Det er noko heilt gale med forholda. Han blei bare så vid og tjukk og (stygg) rett og slett. I dag var eg så grundig lei av heile "boblejakken" (som ei venninne så treffande har byrja å kalla han) at eg rekka opp heile greia! Publiserer bilete her til ære for den same venninna, min trufaste følger og kommentator (gagn), så ho iallfall får sjå at eg var mest ferdig med den mislykka greia..
 Alt det arbeidet forgjeves. Mest så eg angrar litt, den ser faktisk ikkje så verst ut på bileta. Men eg veit at eg aldri hadde blitt fornøgd med han. Og han var verkeleg rar på formen. Veldig vide armar. Eg må ha gjort noko feil.
Men men.. for seint å angre no. Dette er det som er att. Snufs..

onsdag 8. februar 2012

Elvira - Rasmilla



Søt kjole-tunika til lillehøna. Oppskrifta er kjøpt på ravelry hos rasmilla. Ho har fleire fine design. Eg har aldri vore flink til å bruke anna garn enn det som står i oppskrifta, så difor kjøpte eg det garnet som stod anbefalt. Holst garn supersoft. Bestilte 500g spoler i 3 forskjellige fargar! Så eg har nok av det garnet iallfall. Eg hadde planar om å strikke lik til meg sjølv, men innser at eg ikkje kjem til å gidde..  Så no må eg bare verte flinkare til å bruke anna garn enn det som står anbefalt. Det kjem til å bli Holst garn i alle prosjekt framover ;). Og eg har byrja. Eg er faktisk mest ferdig med ein liten kjole i dette garnet frå boka myk start. Den kjem det nok snart bilete av her inne! Liker garnet veldig godt sjølv om det lukta ekstremt sau i byrjinga! Men lukta verkar til å forsvinne litt etterkvart. Me bur jo på landet uansett så det gjer ikkje så mykje...
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...