søndag 4. mars 2012

Prikkete baderomsfornying


Toppen på skittentøyskorga hadde absolutt sett sine beste dagar. Lyst bomullstrekk går ikkje godt saman med bad og vaskerom, blaute klær og mykje anna som flekker til. Har lenge hatt planar om å trekke om toppen i voksduk, men det var det å få gjort det då... Og så måtte eg jo klare å bestemme meg for kva slags voksduk eg ville ha. No blei det lyseblå voksduk med prikker frå Stoff og stil. Og medan eg var igang fekk fleire møbler på badet gjennomgå.



Stolen som lillehøna står på når ho vaskar hendene. Det kan ho gjerne gjere 10 gonger til dagen, berre ho får lov. Så voksduktrekk her er slett ikkje upraktisk.

Den kjedelege stellematta frå ikea fekk nytt trekk.
Og til slutt blei det "gamle" skapet frå ikea òg prikkete og nytt. Men no følte eg det byrja å bli i overkant mykje lyseblått, så skapet itrakk seg den sandfarga prikkete voksduken for variasjonen si skuld.

2 kommentarer:

  1. Skal sei du styre på! Må snart gå inn i kvilemodus du :) Men veldig lure makeovers t badet. Eg har bjynnt på nytt prosjekt (genser t P.) med tjukke pinnar og tjukt garn. Den siste gråe dingsen er felt av og klar til å monterast. Måtte bare ha ein liten pause frå det der pottle...

    SvarSlett
  2. Enig med Silje at du snart bør leggja føtene høgt på bordet. Du er berre alt for driftig:) I like!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...