tirsdag 6. mars 2012

Strikkeposar

Det er ikkje lett for meg å ha orden i strikketøya, (i fleirtal ja) Når eg har med meg eit strikketøy rundt, så er det mange gonger i ein plastikk eller papirpose, eller laust i veska. Ingen av alternativa er nokon stor suksess. Det går ikkje lenge før det går hol i posen og strikkepinnane stikk ut til alle kantar. Eller at trådar og pinnar fyk når eg skal ha tak i andre ting i den same veska. Då er ein strikkepose ein god ting. Eg fekk forsåvidt ein sydd strikkepose av ei svigerinne for ei stund si, men kvar har den blitt av??. Ikkje godt å sei. Har lenge tenkt at eg skulle sy meg ein ny, og når då nøsteblogg hadde lagt ut ein diy, så fekk eg fart på meg. Denne første romantiske, blei gave til ei strikkete veninne på sundagskvelden.
Denne skal eg ha sjølv. Legg merke til dei fine merkelappane. Fekk dei i posten for ei lita stund sidan. Bestilte frå etsy frå MommieMadeIt Kjekt!
Også må eg jo sjølvsagt ha med eit bilete av opphavet til bloggnamnet. Flinke hønene som me får så gode egg av...

søndag 4. mars 2012

Prikkete baderomsfornying


Toppen på skittentøyskorga hadde absolutt sett sine beste dagar. Lyst bomullstrekk går ikkje godt saman med bad og vaskerom, blaute klær og mykje anna som flekker til. Har lenge hatt planar om å trekke om toppen i voksduk, men det var det å få gjort det då... Og så måtte eg jo klare å bestemme meg for kva slags voksduk eg ville ha. No blei det lyseblå voksduk med prikker frå Stoff og stil. Og medan eg var igang fekk fleire møbler på badet gjennomgå.



Stolen som lillehøna står på når ho vaskar hendene. Det kan ho gjerne gjere 10 gonger til dagen, berre ho får lov. Så voksduktrekk her er slett ikkje upraktisk.

Den kjedelege stellematta frå ikea fekk nytt trekk.
Og til slutt blei det "gamle" skapet frå ikea òg prikkete og nytt. Men no følte eg det byrja å bli i overkant mykje lyseblått, så skapet itrakk seg den sandfarga prikkete voksduken for variasjonen si skuld.

torsdag 1. mars 2012

fin enkel hårpynt

Me skulle i 2-årsdag her for eit par dagar sidan, og då måtte me jo ha noko matchande hårpynt.
Ein enkel hekla blom, ein knapp, ei klemme, limpistol og 10 minutt! 
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...