onsdag 16. mai 2012

Ei strikka pute

Min heim måtte òg få seg ei strikka pute. Har brukt 3 nøster Hegre av Dalegarn. Opprinneleg inspirasjon til puta fann eg hos Hekta på strikk, men har laga mitt eige mønster. I tillegg er eg temmeleg lat og liker raske løysinger, så eg har sydd eit stoff på baksida i staden for å strikke begge sider. Sikkert finare med strikk på baksida òg, men så mykje raskare å sy gitt. (Iallfall då eg endeleg fekk gjort det) Eg er godt fornøgd med puta og har kjempelyst å strikke fleire variasjonar.

tirsdag 15. mai 2012

gje-vekk sjå kinoko

Takka vere gje-vekk'en hennar fann eg kinoko.se.Sjekk ut HER Knallfine heimesydde klær! åh! den som kunne sydd så fine kjolar!! Eg har sjølvsagt lyst å vinne ein til lillehøna! kryssar fingrane for det!

søndag 13. mai 2012

vertinnegåve

Ei fin vertinnegåve kan vere så mangt. No for tida likar me å gje vekk overskuddet av eggeproduksjonen. Det er jo verdas beste egg! Har mange gonger gjeve dei vekk i den stygge grå kartongen, men kjekkare er dei jo i ny drakt. Så er det eggemangel i huset, veit de kva de har å gjere,...

torsdag 10. mai 2012

Jærhøna har verpa

Ja, jærhøna har verpa, det er faktisk 2 månadar sidan idag. Me fekk ein skjønn liten hanegut! Har ikkje kjent på kreative lyster eller bloggelyster sidan, men no byrjar det så smått å kome attende. Det tyder vel på at eg har hatt nok med å verte kjend med litleguten og å kome til hektene. Legger med eit bilete av vidunderet i den litle dressen eg strikka medan eg venta.
I hønsehuset i garasjen har det òg skjedd store ting. Der har me òg fått ein liten kylling. Den er vel knapt ein månad gamal. Om dette er ein hane eller ei høne vil tida etterkvart vise oss... me håpar på ei høne som kan gje oss deilige egg!


Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...