søndag 24. juni 2012

sommar sommar!

Innlegget kjem litt seint, men me hadde litt sommar plutseleg i mai... Kor han vart av veit eg ikkje, reist ein annan stad trur eg..  Sommarkjole hadde me uansett ikkje då varmen kom, så det måtte hønemor lage i full full fart.

 Eg hadde høyrt folk snakka om kor enkelt det var å sy vaffelsaum, men tenkte at så enkelt som dei seier, kan det umogleg vere. Men fakta er at det var det!! Veldig enkelt og utruleg kjekt!! Kanskje ikkje så beint, men er det så nøye då??


Stoffet er eit ubrukt sengesett kjøpt på gjenbruken. Sommarleg fint!

fredag 1. juni 2012

Strikkebunad

Hadde så lyst på strikkebunad til litlehøna. Så då litlehanen var ei veke reiste eg full av optimisme og kjøpte garn. Hadde ca 6. veker til me skulle i konfirmasjon, så planen var å få han ferdig til då. Trudde nok det kunne bli "litt" stress, men eg meinte det kunne gå. Men off så stress det blei! Starta nede på stakken med 300 og ørten maskar. Etterkvart øydela det heile kosen med baby og alt som skulle vere så kjekt. Eg måtte jo strikke i kvart eit ledig minutt, som eg ikkje følte eg hadde mange av.... Fyrst spurde eg mor om ho kunne strikke forkleet. Det kunne ho.... og gjorde det på nokre få dagar. Så fekk ho beltet og bringestykket.... - skal eg ta resten òg?? Jaaa! Takk og pris!

Bunaden blei så utruleg fin og han hadde sikkert vore veldig kjekk å strikke sjølv viss eg berre hadde hatt betre tid på meg. Så Tusen takk mormor!! Eg er veldig takknemleg! ...og me har fått brukt han 3 gonger allereie. Håpar inderleg han passar neste år òg!



Oppskrifta er frå bunadheftet til sandnes garn.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...