tirsdag 6. mars 2012

Strikkeposar

Det er ikkje lett for meg å ha orden i strikketøya, (i fleirtal ja) Når eg har med meg eit strikketøy rundt, så er det mange gonger i ein plastikk eller papirpose, eller laust i veska. Ingen av alternativa er nokon stor suksess. Det går ikkje lenge før det går hol i posen og strikkepinnane stikk ut til alle kantar. Eller at trådar og pinnar fyk når eg skal ha tak i andre ting i den same veska. Då er ein strikkepose ein god ting. Eg fekk forsåvidt ein sydd strikkepose av ei svigerinne for ei stund si, men kvar har den blitt av??. Ikkje godt å sei. Har lenge tenkt at eg skulle sy meg ein ny, og når då nøsteblogg hadde lagt ut ein diy, så fekk eg fart på meg. Denne første romantiske, blei gave til ei strikkete veninne på sundagskvelden.
Denne skal eg ha sjølv. Legg merke til dei fine merkelappane. Fekk dei i posten for ei lita stund sidan. Bestilte frå etsy frå MommieMadeIt Kjekt!
Også må eg jo sjølvsagt ha med eit bilete av opphavet til bloggnamnet. Flinke hønene som me får så gode egg av...

søndag 4. mars 2012

Prikkete baderomsfornying


Toppen på skittentøyskorga hadde absolutt sett sine beste dagar. Lyst bomullstrekk går ikkje godt saman med bad og vaskerom, blaute klær og mykje anna som flekker til. Har lenge hatt planar om å trekke om toppen i voksduk, men det var det å få gjort det då... Og så måtte eg jo klare å bestemme meg for kva slags voksduk eg ville ha. No blei det lyseblå voksduk med prikker frå Stoff og stil. Og medan eg var igang fekk fleire møbler på badet gjennomgå.



Stolen som lillehøna står på når ho vaskar hendene. Det kan ho gjerne gjere 10 gonger til dagen, berre ho får lov. Så voksduktrekk her er slett ikkje upraktisk.

Den kjedelege stellematta frå ikea fekk nytt trekk.
Og til slutt blei det "gamle" skapet frå ikea òg prikkete og nytt. Men no følte eg det byrja å bli i overkant mykje lyseblått, så skapet itrakk seg den sandfarga prikkete voksduken for variasjonen si skuld.

torsdag 1. mars 2012

fin enkel hårpynt

Me skulle i 2-årsdag her for eit par dagar sidan, og då måtte me jo ha noko matchande hårpynt.
Ein enkel hekla blom, ein knapp, ei klemme, limpistol og 10 minutt! 

søndag 26. februar 2012

Fuglemammas omslagsbody og ei utfordring??

Å kor herleg det skal bli å pakke ein liten inn i denne. Silkeull frå nøstebarn. Oppskrift frå boka Myk start.  Herleg!
Me gler oss!

 Og så - tid for ei utfordring? Eg skal prøve meg på eit bidrag til pinnekroken si utfordring. Garnslanking.
Det trengs absolutt sjå meg. Tid for ei Holstslanking. Ein genser til lillehøna. Må vere ferdig til 14. mars. Hm.. fin dato:) Spennande!

fredag 24. februar 2012

Luefin - little thing

 Behovet for ei lue som ikkje er supervarm har meldt seg. Me skriv snart mars og det vert varmare i veret. Snøklokkene har kikka opp utanfor huset og nokre av dei har fått kome inn på besøk på stovebordet. Det er nok til å gjera ei vårlengtande sjel særs lukkeleg:O) Denne lua fann eg tips til hos TO VRANGE, Oppskrifta er gratis, det liker me, men kun vaksenstørrelse. De finn ho HER Eg tykkjer ikkje det er bare enkelt å gjera om oppskrifter, men det krever vel trening som så mykje anna. Eg kunne nok hatt tjukkare garn. Eg brukte i underkant av eit nøste SISU med strikkepinnar som anbefalt i oppskrifta. Eg kunne òg ha strikka ho litt lenger før eg byrja å felle av. No blei ho akkurat passeleg. Strikka 15 cm før eg byrja å felle.
Eg er redd lua klør litt, for ho forsvinn fort av hovudet når me ikkje er ute... Ho byrjar å bli ein flink modell denne jenta her,. eller ??!

tirsdag 21. februar 2012

Byssanlull

Hanefar malar heime i huset. Då sender han gravide og små born raskt bort frå illeluktande kjemikalier. Me er difor på ein kort vinterferie sjå mormor og morfar. Eg og far har site med augene ut på det nydelege vårvèret og lengta etter betre føter, rygg og bekken, medan mor har gått lang tur langs sjøen. Jaja, det vert nok betre tider for oss òg. Fint å halde kvarandre med selskap!

Denne søte vesten frå Tora Frøseth har eg då klart å verte ferdig med. Han er strikka av restegarn frå lillehønas kjole, Magda, frå same butikk, og er i str. 3 mnd. Knappar frå mormors resteskuffe. Eg såg føre meg ein tynn, lett vest, men denne blei ganske tjukk, så den vert muligens litt varm for min baby som kjem til å vere 3 mnd. i juli;O) ( og det er jo slettes ikkje sikkert at det er ein gut heller.) Men me får sjå kva det blir til. Kanskje eg strikker ein til i eit litt tynnare garn.  

Ha ein flott vårdag!

fredag 17. februar 2012

Rare tøfler til kalde føter

Eg fekk brukt litt av storlageret av Holst garn supersoft på desse tøflene. I eit gammalt hus som vårt, kan det verta trekkfullt på føtene på kalde dagar, så tøfler og sokker er eit absolutt nødvende.

Det er lenge sidan eg har nemnt på draumen min om å ha ei flott sokkekorg på gangen. Masse forskjellige heimestrikka sokkar og tøfler for store og små som bur og gjester huset. Har måtte innsjå at det ikkje vert med det fyrste, men kanskje etterkvart.. Viss eg berre samlar det eg har, vert det kanskje ei korg full?!?

Dette var ei gratis oppskrift der eg berre skulle hekle eit rektangel, og så sy saman bak i hælen og oppå rista, men som de ser vart dei ikkje lange nok, så eg hekla på 4 omganger framme på tåa. Fellte av nokre maskar og sånn at dei vart litt smalare framme.

Eg brukte det nemnte Holst-garnet, heklenål nr 5. La opp 35 masker og hekla 21 omganger. Pynt er sirkel frå nøstebarnboka og knappar kjøpt på gjenbruken. Dei vart noko rare, men dei varmar på foten :O)

I dag var siste dag på jobb! Vinterferie nokre dagar også permisjon! No skal det ruges!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...