fredag 24. februar 2012

Luefin - little thing

 Behovet for ei lue som ikkje er supervarm har meldt seg. Me skriv snart mars og det vert varmare i veret. Snøklokkene har kikka opp utanfor huset og nokre av dei har fått kome inn på besøk på stovebordet. Det er nok til å gjera ei vårlengtande sjel særs lukkeleg:O) Denne lua fann eg tips til hos TO VRANGE, Oppskrifta er gratis, det liker me, men kun vaksenstørrelse. De finn ho HER Eg tykkjer ikkje det er bare enkelt å gjera om oppskrifter, men det krever vel trening som så mykje anna. Eg kunne nok hatt tjukkare garn. Eg brukte i underkant av eit nøste SISU med strikkepinnar som anbefalt i oppskrifta. Eg kunne òg ha strikka ho litt lenger før eg byrja å felle av. No blei ho akkurat passeleg. Strikka 15 cm før eg byrja å felle.
Eg er redd lua klør litt, for ho forsvinn fort av hovudet når me ikkje er ute... Ho byrjar å bli ein flink modell denne jenta her,. eller ??!

2 kommentarer:

  1. Flink modell, ja! Og flink mor som tilpassar oppskrift frå vaksen- til barnestørrelse. Her i garden har me nok med å fylgja oppskriftene slik dei er... :) Som du ser på bloggen min har washien fått fått føter å gå på etter de reiste..

    SvarSlett
  2. Ho er verkeleg ein hjarteknusar!!! <3

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...