fredag 17. februar 2012

Rare tøfler til kalde føter

Eg fekk brukt litt av storlageret av Holst garn supersoft på desse tøflene. I eit gammalt hus som vårt, kan det verta trekkfullt på føtene på kalde dagar, så tøfler og sokker er eit absolutt nødvende.

Det er lenge sidan eg har nemnt på draumen min om å ha ei flott sokkekorg på gangen. Masse forskjellige heimestrikka sokkar og tøfler for store og små som bur og gjester huset. Har måtte innsjå at det ikkje vert med det fyrste, men kanskje etterkvart.. Viss eg berre samlar det eg har, vert det kanskje ei korg full?!?

Dette var ei gratis oppskrift der eg berre skulle hekle eit rektangel, og så sy saman bak i hælen og oppå rista, men som de ser vart dei ikkje lange nok, så eg hekla på 4 omganger framme på tåa. Fellte av nokre maskar og sånn at dei vart litt smalare framme.

Eg brukte det nemnte Holst-garnet, heklenål nr 5. La opp 35 masker og hekla 21 omganger. Pynt er sirkel frå nøstebarnboka og knappar kjøpt på gjenbruken. Dei vart noko rare, men dei varmar på foten :O)

I dag var siste dag på jobb! Vinterferie nokre dagar også permisjon! No skal det ruges!

1 kommentar:

  1. Ser fram t å rota i den komande tøffelkorgå di :) Eg syns de ikkje va løgne, bara sweet. He ikkje sett knappa på gjenbruken før. (Kanskje du kjøpte alle?) ;)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...