lørdag 4. februar 2012

Ein hobbyskatt


Heldige meg som er lærar på skule med folkebibliotek, på godfot med bibliotekaren (trur eg) og som tilfeldigvis spurte etter gamle blad akkurat den dagen dei hadde rydda dei klar til kasting. Kaste sånne skattar?? Mannen tykte det passa godt sidan me held på å rydde kontoret og prøver å kaste mest mogleg sjølv... Eh.. men kva kan ein gjer når ein liker å hamstre "nyttige" ting. Eg har allereie gått gjennom blada og merka av aktuelle, framtidige prosjekt. Eg har abonnert på dette bladet tidlegare og tykte ikkje det var verdt det fordi det ofte bare var eit til to aktuelle prosjekt i kvart blad,... men gratis?? Jatakk!
   I tillegg skal hagen få gjennomgå til våren. og då trengs det gode tips!  Gler meg!!

1 kommentar:

  1. Heldige du! Ser føre meg du skal laga slike utklippsbøker - ei til hage og ei til handarbeidsutklipp. Nice. Eg har ei kor eg samlar interiørbladutklipp, men har planar om ei til matoppskrifter og ei til crafting (kanskje ei med høgtids-/juletema?). Og til alt dette, treng me bare litt tid...

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...