tirsdag 7. februar 2012

Til ein liten gut??

Tida går fort og egget veks medan eg ruger det eg kan. Spenninga stig for kvar dag, kva slags kylling er det denne gongen?! Ein liten hane eller ei høne til?! Denne har eg strikka med tanke på ein liten gutt som kan varme seg oppi den. Hadde tenkt å gje den vekk dersom eg får ei jente, men mange har sagt at dei meiner eg kan bruke den til ei jente òg. Er nå litt usikker på det, men det vil visa seg. Tenkte om eg skulle venta med knappane, men eg hadde lyst å ha han klar. Er ikkje sikker på om det eg har lyst å gjer dei første dagane, er å sy i knappar. Endå mindre handle dei inn!


 Oppskrifta er frå garnstudio strikka i Baby Silkealpakka, eit fantastisk mjukt garn! Har bytta ut det "mørkelilla" garnet med eit gråblått. Godt fornøgd..
5 veker igjen til termin!

2 kommentarer:

  1. Den vart kjempefin!!! Passer godt både til jente og gutt meinar eg... Kos eg med ruginga!! Minien hadde lyst å reise til dykk i går, får sjå om me kan få det til ein dag... Klem!

    SvarSlett
  2. Ja de må snart koma! De har jo forsåvidt ein middag til gode òg! Skal prøve å invitere snart!!

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...