onsdag 8. februar 2012

Elvira - Rasmilla



Søt kjole-tunika til lillehøna. Oppskrifta er kjøpt på ravelry hos rasmilla. Ho har fleire fine design. Eg har aldri vore flink til å bruke anna garn enn det som står i oppskrifta, så difor kjøpte eg det garnet som stod anbefalt. Holst garn supersoft. Bestilte 500g spoler i 3 forskjellige fargar! Så eg har nok av det garnet iallfall. Eg hadde planar om å strikke lik til meg sjølv, men innser at eg ikkje kjem til å gidde..  Så no må eg bare verte flinkare til å bruke anna garn enn det som står anbefalt. Det kjem til å bli Holst garn i alle prosjekt framover ;). Og eg har byrja. Eg er faktisk mest ferdig med ein liten kjole i dette garnet frå boka myk start. Den kjem det nok snart bilete av her inne! Liker garnet veldig godt sjølv om det lukta ekstremt sau i byrjinga! Men lukta verkar til å forsvinne litt etterkvart. Me bur jo på landet uansett så det gjer ikkje så mykje...

4 kommentarer:

  1. Eg merka ikkje at du hadde med deg ein sånn gigaspole på foreningå her om dagen... :) Det finst i alle fall veeldig mange oppskrifter t (baby)klede som er tilpassa tynt garn, så du går nok ikkje tom for inspirasjon på den fronten.
    Her er det klesskapbygging på loftet (noko som langt ut i handlingsrekkja skal føre til at eg får frigjort ein kommode til crafting stuff - noko som igjen fører til at eg kan ommøblera hobbyloftet - noko som i siste instans fører til eit meir gagnleg craftingmiljø) Jippi!

    SvarSlett
  2. Så kjekt! Me held òg på med å laga eit betre craftingmiljø. Nytt barnerom på kontor/syromet, og større kontot/syrom på gjesteromet. Får ein betrakteleg større sypult. Gler meg! Eg nøster opp garnet så eg slepp å dra på spolane. Funker bra:O)

    SvarSlett
  3. Knall kjekt m bloggen din som eg kan følga med på. Kjekke innlegg så lang - dette lovar godt! Du lagar så masse fint! Elvira kjolen (tunikaen) likar eg kjempe godt, har sjølv laga den, og veit at det er eit kjekt spøt, men forstår at du held deg til barnestr. :D

    SvarSlett
  4. Denne var nydelig, mulig den må kopieres.... ;-)

    SvarSlett

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...