
Er kjempefornøgd. Oppskrifta og garnet har eg kjøpt av tora frøseth. Eg har strikka kjolen ein del lengre enn det stod i oppskrifta (syntes det var litt kort). Garnet er Hifa Alv kamgarn lys gråblå. Nydeleg farge! Denne kjolen var eit meget vellykka forsøk på å kome seg litt utav det rosa-lilla-brune som eg alltid strikker i. Den er ikkje dampa og alt det der, men lillehøna var fin i den likevel. Knappen er kjøpt på etsy hos cutiestuffs.
Gratulera m blogg!! Jippi jippi! Frøet eg sådde for lenge si har mogna :) Evt. du er heilt upåverkeleg frå mitt press, og har faktisk funne ut av lysten heilt sjølv...
SvarSlettUansett: NICE!
Ja, og så må eg jo gjerne nevna craftingen i same slengen: VEELDIG fin kjole - både farge og tekstur (lenge leve kunst og handverk-uttrykk). Barnet som var inni kjolen på sundag, var òg veldig fint. Modig fargeval til å vere ei jærhøne med rosa blonder mellom fjørene. Mobb mobb ;) Nei, skjerpings. Neste kommentar skal vere snillare.
SvarSlettSå kjekt! Kjære Gagn, takk for den fyrste kommentaren. To faktisk! Du skal nok ha litt ære for dette bloggprosjektet, så får me sjå korleis det går! :O) Mobbinga har eg blitt van med, så eg får vel tole litt her òg...
SvarSlett